Lærdal Tannlegesenter

Undersøking

Hos oss får du tid, tryggleik – og moderne teknologi som oppdagar det du ikkje ser sjølv.

Ei grundig undersøking er nøkkelen til god tannhelse.

Ei tannlegeundersøking handlar om meir enn å sjekke for hol.

Hos oss får du ei heilskapleg vurdering av tenner, tannkjøt, slimhinner og bit.

Vi bruker digitale røntgenbilete og AI-støtta analyse som hjelper oss å oppdage sjølv små endringar tidleg, før dei blir til større problem.

Eit besøk hos oss skal vere trygt og informativt.

Vi forklarer alltid kva vi ser på bileta, og du får råd tilpassa din situasjon – anten du treng behandling, eller berre vil ta vare på eit friskt smil.

Undersøking

Kor ofte bør du kome til undersøking?

Dei fleste har godt utbyte av å kome éin gong i året.

Har du tannstein, tannkjøtbetennelse eller hol i grenseland, tilrår vi litt hyppigare kontrollar.

Har du stabil og frisk tannhelse, kan det gå lenger mellom kvar gong – vi tilpassar det etter behova dine.

Visste du at …

plakk – eit tynt bakteriebelegg – legg seg naturleg på tennene kvar dag?

Blir det ikkje fjerna, blir det til hard tannstein som ikkje lèt seg pusse bort heime.

Tannstein kan gi dårleg ande, betennelse og hol. Derfor er førebygging alltid det beste.

Slik tilpassar vi oppfølginga til deg

Når du er pasient hos oss, lagar vi ein individuell innkallingsplan saman med deg.

Du bestemmer sjølv kor ofte du ønskjer påminningar, og du får alltid beskjed i god tid før timen.

Treng du å flytte tidspunktet, gjer vi det enkelt for deg – vi veit at kvardagen endrar seg.

Dette skjer under ei undersøking hos oss

  1. Samtale og klinisk sjekkVi startar med ein kort prat om korleis du opplever tennene dine, før tannlegen undersøkjer tenner, tannkjøt og munnhole.
  2. Digitale røntgenbileteVi tek bilete ved behov for å sjå område som ikkje er synlege for auget – mellom tennene, under gamle fyllingar eller i kjevebeinet. Utstyret vårt har låg stråledose og gir skarpe, detaljerte bilete.
  3. AI som second opinionVi bruker kunstig intelligens som støtte til røntgenanalysen. AI kan sjå kontrastar og mønster som er umogleg for det menneskelege auget – ein ekstra tryggleik som gir meir presise vurderingar.
  4. Reins og fjerning av tannstein og flekkerEtter undersøkinga fjernar vi belegg og tannstein. Vi bruker moderne og skånsame metodar som ultralyd og AirFlow – ei blanding av luft, vatn og pulver som reingjer tennene effektivt utan å skade emaljen.
  5. Gjennomgang og vidare planEtterpå forklarer vi kva vi har sett, og gir konkrete råd om korleis du best kan ta vare på tennene heime. Treng du behandling, får du eit tydeleg prisoverslag og ein plan – utan overraskingar.

Tryggleik for deg som gruar deg litt

Mange kjenner på ubehag før eit tannlegebesøk – det er heilt normalt. Mange har også tannlegeskrekk.

Dette har vi god erfaring med. Hos oss møter du eit erfare, roleg team som forklarer alt undervegs og tek ting i ditt tempo. Vi gjer aldri behandling eller noko som gjer vondt utan å forklare alt på førehand.

Vi veit at tryggleik og tillit betyr like mykje som sjølve behandlinga.

Bestill time for undersøking

Er det lenge sidan sist du var hos tannlegen?

Bestill time i dag – så får du ei skånsam, moderne og grundig undersøking.

Eit lite besøk no kan spare deg for store behandlingar seinare.