Om oss
Lærdal Tannlegesenter er ei flott og veletablert tannklinikk som tilbyr alle vanlege tannlegetenester. Målet vårt er å gi pasientane behandling av høg fagleg kvalitet i trygge og behagelege omgjevnader, med stor vekt på skånsam behandling og ei god pasientoppleving.
Tannlege Henning Greve Lem og tannhelsesekretær Jorunn Dalheim Nesse Lem har gjennom mange år vore heilt sentrale ved klinikken og skapt tryggleik for generasjonar av pasientar i Lærdal. No nærmar dei seg begge eit svært velfortent pensjonistliv. Vi er enormt takksame for den lange og verdifulle innsatsen deira.
Samtidig er det nye og spennande tider ved Lærdal Tannlegesenter. Klinikken og pasientane våre er utruleg heldige som har fått med dei svært erfarne og dyktige tannlegane Elisabet Skrede og Anne Lene Sygna Halleråker, som skal drive klinikken vidare. Begge vart utdanna ved Universitetet i Bergen i 2006 og har 20 års erfaring som tannlegar. Dei kjenner regionen og pasientane godt og har med seg omfattande erfaring frå både offentleg og privat tannhelseteneste. Tannhelsesekretær Stine Henriksen blir òg med vidare og vil sikre viktig kontinuitet og tryggleik for pasientane i overgangen.
Vi tilbyr allmennpraktiske tannlegetenester som fyllingsterapi, rotfylling, behandling av tannkjøtssjukdom, protetiske løysingar som kronar, bruer og protesar, samt tannbleiking og estetisk tannbehandling. I diagnostikk og behandlingsplanlegging nyttar vi moderne teknologi, inkludert Pearl AI, eit avansert verktøy basert på kunstig intelligens som støttar tannlegen i tolkinga av røntgenbilete. Dette bidreg til høg presisjon, betre kvalitetssikring og eit tryggare avgjerdsgrunnlag for behandling.
Hos oss står pasienten alltid i sentrum. Vi legg stor vekt på kvalitet, god oppfølging og ei trygg behandlingsoppleving. Mange av pasientane våre kjem til oss etter tilråding frå andre, noko vi set stor pris på.
Velkomen til Lærdal Tannlegesenter!

Tannlegar

Elisabet Skrede
- Utdanna ved Universitetet i Bergen i 2006
- Lang erfaring som tannlege i den offentlege tannhelsetenesta i Sogndal og Lærdal
- Har vore områdeleiar for Nord tannhelseområde i Vestland fylkeskommune

Anne Lene Sygna Halleråker
- Utdanna ved Universitetet i Bergen i 2006
- Lang erfaring som tannlege i den offentlege tannhelsetenesta i Sogndal
- Har sidan 2018 drive eigen privat klinikk i Gaupne

Henning Greve Lem
- Lang erfaring som tannlege i Lærdal
- Har drive klinikken gjennom fleire tiår
- Snart velfortent pensjonist
Tannlegesekretærar

Stine Henriksen
- Har jobba fleire år ved klinikken
- Tidlegare erfaring frå apotek i Lærdal

Jorunn Dalheim Nesse Lem
- Har jobba saman med tannlege Henning Greve Lem i mange år
- Snart velfortent pensjonist

Ida Øyre Osuch
- Tidlegare erfaring frå Sogndal Tannklinikk
