Ei bittskinne er ei tynn, spesiallaga skinne i hard plast som blir sett på tennene – som regel om natta. Ho vernar tennene mot slitasje og avlastar kjeveleddet ved tanngnissing (bruksisme) eller kjevespenningar.
Bitskinna blir laga individuelt etter avtrykk eller digital skanning, slik at ho sit perfekt og kjennest komfortabel. Mange opplever at hovudverk, muskelspenningar og smerter i kjeve og nakke blir mindre.

Fordelar med bittskinne
- Hindrar slitasje på tenner og fyllingar
- Reduserer kjevesmerter og hovudverk
- Avlastar kjeveledd og musklar
- Betrar søvn og komfort
Vanlege spørsmål og svar om bittskinne
Kvifor får ein behov for bittskinne?
Vanlegast ved tanngnissing, kjevespenningar eller smerter i kjeveledd. Det kan også brukast etter tannbehandling for å verne tennene.
Blir bitskinna berre brukt om natta?
Ja, oftast. Men ved kraftige kjevespenningar kan ho også brukast på dagtid i periodar.
Er det ubehageleg å sove med skinne?
Dei fleste venner seg til henne etter nokre netter. Skinna blir tilpassa individuelt, og kjennest som regel lett og stabil.
Kor lenge varer ei bittskinne?
Som regel 2–5 år, avhengig av slitasje og bruk. Ho kan pussast med mild såpe og børste.
Får ein støtte frå Helfo?
Ja, dersom du har dokumenterte kjeveleddsproblem eller alvorleg tanngnissing. Vi hjelper deg å søkje refusjon.
Bestill time
