Behandlingstilbod
Vi tilbyr det meste innan allmenn tannbehandling – alt frå fyllingar, kroner og bruer til rotfylling, tannkjøttbehandling og trekking av tenner. Vi tilbyr også tannbleiking og fjerning av misfarging med Airflow (saltblåsing). Se full oversikt ovanfor.
Førebyggjande behandling
Førebygging er ein viktig del av arbeidet vårt. Vi legg vekt på å gi råd og rettleiing som hjelper deg å unngå sjukdomar i tenner, tannkjøt og munnhole.
Akuttbehandling
Vi strekkjer oss langt for å tilby akutt hjelp same dag ved behov. Erfaringa vår gjer at vi raskt kan vurdere smertetilstandar og gi mellombelse løysingar fram til vidare behandling. Bestill time via knappane.
Våre kvalitetsmål
Vi legg vekt på høg fagleg og etisk standard, og utfører aldri meir behandling enn nødvendig. Målet vårt er varige resultat med god funksjon, estetikk og helse – tilpassa kvar enkelt pasient.
Samarbeidspartnarar
Vi samarbeider med dyktige tannteknikarar og tilviser til spesialistar ved behov.
